Juvasstøl i ÅseralKåre Valebrokk skal ei gong ha uttala at ein dugande journalist må lukte øl før lunch. Slik er ikkje arbeidstilhøva i redaksjonen hjå moisund.com. Her luktar journalistane sveitte, før morgonmaten. Me fær heller ikkje betalt for matøkta.
Med hjelp av eit omfattande nettverk vart vakthavande jounalist tipsa om at me burde take oss ein tur til Juvasstøl i Åseral. Langt pokker i vold inne i fjellheimen. Fyrste sundagen i juni og sola skein frå skyfri himmel. Det var varsla temperatur opp mot 27 grader, i skuggen. Varslinga synte seg å vere rett.
Reportasjebilen vart parkert ved den mektige Juvassdammen. Turen inn til Juvasstøl er rekna til å take omlag ein klokketime. Me skal freiste å få til eit møte med Oddvar Haugum. Han bur der inne. Ålleine.

Mange tankar i hovudet på ei gong medan me vandrer innover fjellheimen. Juvatnet fylgjer oss trufast på venstre side av stien. Myrene er så turre at det knaser i gras og mose. Kva vil møte oss her inne, langt frå sivilisasjonen? Vil Oddvar take i mot oss eller vil han bed oss dra til langt varmare strok, utan returbillett. Vil me kan hende møte ein særing og ein einstøing utan tanke for andre enn seg sjølv og småfuglane på tunet. Eg gledde meg samstundes som eg var umåteleg spend. Sjekka fleire gonger at skrivepapir, kulepenn og fotografiapparat ver på plass. Alt anna ville vere byrjinga på ei katastrofe. Eg følte på mange vis at eg var på veg til ei av mine største opplevinger som journalist. – eller kan hende ein nedtur utan sidestykke..

Då eg nevast med Oddvar, på tunet inne på Juvasstøl, kjenner eg auraen, krafta og susen frå høgfjellet. Ein røsleg kar. Glimt i augo og stø som sjølvaste Juvasdammen.
Oddvar Haugum vart fødd her inne blandt dvergbjørk og blåberlyng den 3. august i 1937. Han vaks opp her og budde på Juvasstøl fram til 1960. I kring 30 år reiste han rundt i skogane på Sørlandet og i Telemark som tømmerhoggar. Naturen, skogen og faunaen he alltid vore ein viktig del av Oddvar sitt liv.
Dei fyrste 3 åra gjekk han på skule heime på Juvasstøl. Seinare måtte han på skule nede i bygda. På Espelid. Det var skule kvar annan veke og vesle Oddvar budde rundt på gardane i nærleiken medan han lærde rekning, landkunne og soga om Sakeus i oliventreet. Det var langt til Espelid. 8 – 9 km kvar veg.
Oddvar flytta heim att til barndomsheimen på Juvasstøl i 1987. Draget mot røtene, skogen og det gode fredfulle livet vart for sterkt. Han he no budd på på Juvasstøl sidan 1987. Ålleine, men ikkje einsam. Oddvar finn selskap i naturen og trivast i sitt eige selskap. Han saknar ikkje grannar. Rypa, elgen og harepusen talar same språk som Oddvar. Dei er vener.
I sumarhalvåret tek han båten øve Juvatnet og ruslar ned til bygda. Han er på handelslaget kvar andre – eller tredje veke. Han hentar posten på Austegard.
Om vinteren kan det gå to månader mellom kvar gong Oddvar kjem seg til bygda. Juvatnet er regulert og såleis er isen og føreforholda lumske og lite samareidsvillige i lange periodar. Isen på Juvatnet er sjeldan trygg før langt ute i januar.
Naturen betyr allt for meg seier Oddvar og ser opp mot høgfjellet. Inne på heia he han ei jakthytte, Ofte tek han sundagsturar inn der. Til Skomedal i Setesdal er det 17 km. Kvar veg.
Snøskuteren blæs han liv i 5 -6 gonger kvar vinter, Han liker det ikkje. Liker heller ikkje å tale om det. Eit framand element i naturen. Dyra og fuglane skal ikkje uroast av slikt. For Oddvar Haugum er skuteren einaste bindeleddet mellom seg og bygda. Mellom seg og sivilisasjonen, om vinteren.

I den vesle stova, under det bratte fjellet, er det lite som minner om luksus. Likevel he Oddvar både mobiltelefon og parabolantenne på tåka. Elektrisiteten kjem til gards med hjelp av vindmølle, solcellepanel og bensinaggregat. Sjølv her, langt inne i fjellheimen, klagar bebuarane på bensinprisen. No vert det for kostbart å bruke bensin til straumproduksjone. I framtida er det nok meir miljøvenlege alternativ som gjeld på Juvasstøl. Heilt i ånda åt Kristin Halvorsen.
Oddvar er spend på sumaren. Juvassdammen treng naudsynt vedlikehald og vatnet skal tappast ned med heile 24 meter. Fleire gardar på Juvasstøl forsvann i djupet då vatnet vart oppdemd i 1957. No kjem dei kan hende til syne att, midt i djupålen. Oddvar kan gjeve oss svaret på det, seinare i haust. Når me kjem attende.
Den fyrste setera på Juvasstøl vart etablert kring 1829, medan dei fyrste folka busette seg her i 1857. Tøffe tider og ein strabasiøs kvardag alt den gong.
Oddvar peiker på ein stein i jordekanten.Her budde mann og kjerring og eit lite born. Mannen for på ski til Skomedal i Setesdal. Naudsynt ærend. Det bles opp til eit forrykande uver. På heimvegen tok mannen ut sine siste krefter. Hundre meter frå stoveglaset heime tok kreftene slutt. Oddvar peiker på steinen i jordekanten. Mannen ropte på kjerringa. Ho høyrde dei fortvila ropa men våga ikkje gå ut. Uveret var voldsomt og ho tenkte på det vesle bornet. Ropa frå jordekanten stilna. På våren grov dei mannen fram med ei greip. Han døyde på sin post. Kona flytta frå Juvasstøl same året.
Oddvar Haugum he skote meir enn 40 elg i sitt liv. Hausten 1957skaut han meir enn 300 Orrfugl. Ein regel er likevel ufråvikeleg. Oddvar skyt ikkje dyr eller fugl heime på tunet. Han skyt dei på heia i sitt rette element. Alt anna ville vere feigt.Sjansen mellom jeger og bytte bør vere 50/50 seier Oddvar, og han meiner det. I båten ligg 10 fiskegorn. Fersk aure spreller i båten Dei siste krampetrekninger før dei hamnar i steikepanna til Oddvar Haugum på Juvasstøl. Slik fyller han matskåpet for dei næraste dagane. Opningstidene på Rimi, Rema, Spar og Meny kjenner han ikkje til. Oddvar Haugum – ein gentlemann og ein ombudsmann på vegne av naturen. Den Norske.
Turen heim vert noke lettare. Dagen he lærd meg noke nytt. Eg stoggar på
Lordens Kro i Kyrkjebygda og kjøper ein softis. Inne på Jyvasstøl sit Oddvar og tygg på ein ospekvist. Han er nøgd med det. Han er nøgd med livet.