Sist helg hadde redaktøren i www.moisund.com seg ein tur inn til den nyoppførte dagsturhytta attmed sumarvegen inn til Lakkenstova på Ljosland. Her kan du sjå reisebrevet han då sendte:"Avisene på Sørlandet he den siste veka delteke i den store kappestriden om å melde om store snømengder, kaos på vegane og skiføre i høgfjellet. Eg ville difor sjekke desse påstandane og tok turen til høgfjellet. Til hytteparadiset Ljosland, øvst i Åseral kommune. Det er på mange måtar meir truverdig å vere tilstades på åstaden enn å sitje på eit varmt kontor på Fiskåtangen og lage ei tilsvarande reportasje. Me slær fast, for alle interesserte, at det var surt og kaldt på Ljosland denne helga i byrjinga av november. Lite folk på hyttene, og snøen synte seg seint fredag kveld. Ikkje djupsnøen, men eit kvitt teppe øve blåberlyng og dvergbjørk attmed strenene på Farvatn.
På mange måter ei fin tid i høgfjellet. Laurdag morgon fyllte me sekken med kaffi og nistepakke. Me la i veg på vestsida av Kvennevatn, fydde den såkalla "sommerløypa". På kartet hadde me slege ein ring kring Lakkenstova. Det var ei tung økt. Frykteleg tungt. Motvind, snø i lufta og 15 - 20 cm på bakken. To steg fram- og eitt attende. Våre tanker, og vår takksemd, gjeng i dag til Friluftsrådet- Region Mandal. I dei siste og avgjerande minutta før einskilde av oss byrja å sjå livet passere i revy, som i eit skodespel. Openberringa kom i Kvennevasskaret. Namnet gløymer eg aldri. Evig langt frå Lakkenstova. Ei flunkande ny turisthytte. Nøkelen stod i dynna, og peisen var klar til bruk. Sjølvsagt kom me aldri til Lakkenstova. Det vart ei minnerik stund kring bålet, i hytta i Kvennevasskaret. Det er slike stunder at sjølv rimeleg pulverkaffe frå Europris, kurerar GRUFF"

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar