mandag 24. august 2009

Lostur til Lordehytta

Årets LOS tur til Lordehytta gjekk av stabelen sundag 26. juli og for ein dag det blei.
Etter veker med regn skein sola opp og det var knapt ei sky å sjå på himmelen.
Heile 69 deltakarar ville gå turen inn til hytta og høre historia om lord Salvesen. Nesten alle deltakarane var ”utanbygds” så det er tydeleg at Lordehytta er kjend langt utafor kommunen sine grenser. To av deltakarane kom jamvel heilt frå Bergen fordi foreldra hadde tala om hytta og fortald at nå hadde dei ei anledning til å få sjå ho. Alle deltakarane klarte å gjennomføra turen. Ein forstuva ankel var den einaste skaden.


Det er dei regionale friluftsråda som har tatt initiativ til dei såkalla los turane. Kommunen hadde sagt seg viljug til å stilla med guidar og fekk på denne måten synt fram heia og hytta.

Og dagen etter sila regnet ned på nytt
(Skrevet av Øyvin Moltumyr. Foto Inger Lise Lund Stulien)

Ingen kommentarer: