Grimstad, diktarens by. Alle har høyrd om Henrik Ibsen. Han er kjend øve heile verda. Grimstad er byen kor mannen starta si karriere som diktar medan han praktiserte som apotekarlærling. Grimstad var og noregs største by innan seglskutebyggjing. Ei tid var det fleire skipsverft i Grimstad enn det var butikkar. I min ungdom var det ein vin som var kjend. Rabarbravinen til Fuhr. Grimstad har endra seg. Ibsen er avliden for meir enn 100 år sidan. Det er slutt på seglskutene -og Fuhr bryggeri ser ut som eit spøkelsesbygg. Eg vitja Grimstad og har sett litt på historia.
Henrik IbsenMange byar kring i landet meiner at Henrik Ibsen høyrer dei til. Han vart fødd i Skien den 20.mars 1828 og døydde i Kristiania den 23.mai 1906. Det er alle einige om. Diktaren Henrik Ibsen, han vart til i Grimstad. Som apotekarlærling starta han opp som ung gut i Grimstad og desse åra (1843 - 1850) har utan tvil vore med å forme den vidare diktarkarriera til Ibsen. Terje Vigen som han har skreve mykje om, er ein
fantasifigur frå den tida då Ibsen arbeidde som apotekarlærling i Grimstad. Sjølv om skildringane av Terje Vigen er svært så naturtru så har aldri denne karen levd, dette til tross for at heradstyret i Grimstad he eit samrøystes vedtak på at så er tilfelle…“Der bode en underlig gråsprængt en på den yderste, nøgne ø; - han gjorde visst intet menneske mèn hverken på land eller sjø; dog stundom gnistred hans øjne stygt, - helst mod uroligt vejr, - og da mente folk, at han var forrykt, og da var der få, som uden frygt kom Terje Vigen nær.”
Fino Fuhr og rabarbravin
Mons Fuhr er framleis levande oppteken av vinproduksjon og historia som er knytt til denne.Det var bestemora til Mons Fuhr som på slutten av 1800 talet starta opp med vinproduksjon i kjellaren på bruket som ho og mannen hadde kjøpt i 1895. I byrjinga var det meint som ein produksjon til eige bruk. Det tok ikkje lange tida før det gjekk gjetord om den gode vinen og alt i 1905 vart det bygd ein eigen vinkjellar. Etterspurnaden auka. På det meste var det tilsett over 200 personar i Fuhr konsernet. I 1989 var det slutt. Det var ikkje lenger rekningssvarande å drive med vinproduksjon i Grimstad. Rabarbravinen og Finovinen til Fuhr er det nok mange som hugsar. For mange var nok dette den fyrste vinen dei smaka. Sterk var den og. Frukta til vinen vart produsert i eigen hage og dei hadde og eige grisehus for å halde gjødsel til jorda. Plukking av rabarbra var for nokre år sidan like vanleg sumarjobb i Grimstad som jordbærpelinga var i Setesdal.

Framleis er det nokre flasker med vin igjen i kjellaren på Fuhr...
Eg har høyrd at vinen vert betre med åra. Dette har eg meint måtte vere noko sprøyt. Ferskvare er alltid best, spør du meg. Vinkunnskapane mine avgrensar seg til å kjenne skilnad på raud - og kvitvin. Skepsisen var difor stor då eg vart boden Fino vin frå 1968. Øve 40 år gamal vin! Eg var varsam, tok ein liten drope på tunga før eg turde å drikke frå glaset. Det smakte godt, som god ferskvare. No skal eg ikkje gå inn på å beskrive smaken - om det var rund, flat eller noko heilt anna. Den smakte godt. Utruleg godt. Punktum.
Seglskutebyen
Sjølv om dei fleste skipsverfta i Grimstad er lagt ned, og hamna ikkje er full av seglskuter, så vert det framleis bygd båtar i Grimstad. Me ville sjølvsagt finne ei seglskute og desse var det ikkje mange av på Torskeholmen,.Til slutt fann me eit høveleg eksemplar. Solvik er ein skonnert som opphavleg vart bygd på Lista, men som Grimstad no he teke til sitt hjarte. Ombord på denne får ein prøve seg som mannskap når segla skal heisast. Uver gjorde at det vart lite klatring på meg denne dagen….. Men for ein tur og for ein båt. Ein tur ut til Hessøya med ein historieforteljar på dekk. Skulle me gjengjeve heile historia som vart fortald, kunne me gjeve ut ei bok. Nei, ta deg ein tur sjølv. Oppleving, kroppsarbeid og historietime i same andedrag. Kan det bli betre? (Gjengjeve med løyve frå http://www.moisund.com/)
2 kommentarer:
Skreiv litt om rabarbra på bloggen min, la da ein link inn til denne sia! Håper det er greit.
Klem fra "Mira".
Det er selvfølgelig helt i orden:)
Legg inn en kommentar