
Denne historia starta for sju år sidan. Dette var året då eg for fyrste gong vart kjend med Bjarne. Eg er busett på Hannåsfeltet, ei lita grend sør i Evje og Hornnes kommune. Lokalt er nok denne staden mest kjend for å vere eit dyrerikt område. Heile sommaren valfartar turistar og lokale helter til denne staden for å sjå på elg. Elgsafari heiter det på fagspråket. Me som er busett her har mang ei natt blitt vekt av tutande biler og ljos som har feid øve soveromsvindauga i leiting etter grasande elg på jorda. Me som bur fast på denne staden er så vande med skogens konge at det for oss ikkje er noko spesielt syn, men det var før eg vart kjend med Bjarne.
Eg trefte han for fyrste gong ein fin sumarsdag i 2002. Eg var ute på jordet med traktoren for å slå. Medan eg køyrde fram og tilbake vart eg merksam på ein elg som kom nærare og nærare.
Ein stutpank som me kallar det her. Eller ein fjorårskalv av maskulin type for dei som ikkje er kjent med utrykket pank. Elgen som seinare vart døypt til Bjarne vart etter kvart så nærgåande at eg måtte ta meg i akt når eg køyrde. Etter denne dagen vart Bjarne eit dagleg syn på garden. Han kom frå same staden kvar kveld og reiste tilbake same veg når han var mett. Slik var det i dei påfølgande tre åra. Bjarne vitja oss dagleg og gjekk i hagen å beita, sjølv når me var ute i hagen. Han trivst med vårt selskap og visa versa. På den tida hadde eg og ein elghund. Meir ei stuebikkje enn ein god elghund var det, men den gav lyd når den fekk sjå elg attmed bikkjegarden.
Etter kvart vart Bjarne så ”husvarm” at sjølv elghunden ikkje tok notis av at han gjekk å beita på plenen.
Bjarne er noko spesielt. Sjølv om karen no he vorte ein vaksen elg som ikkje lenger kjem på vitjing i dagsljos, så gjeng det no gjetord om denne store elgen som vandrar i Hannåsheia. Eit prakteksemplar av ein elg som sjølv ihuga elgjegerar tek av seg hatten for, når dei ei sjeldan gong får eit glimt av den. Dei fyrste åra var det enkelt å få teke bilete av Bjarne. Etter kvart har han berre vore å sjå på kveldstid og difor vanskeleg å få festa på film (siste bilete er teken sommeren 2007). Så dersom du vil møte Bjarne til sommaren. Ta deg ein køyretur over Hannåsfeltet etter mørkets frambrot, du berre veit når det er Bjarne du sett lyset på. Det finnast ingen like!
Eg trefte han for fyrste gong ein fin sumarsdag i 2002. Eg var ute på jordet med traktoren for å slå. Medan eg køyrde fram og tilbake vart eg merksam på ein elg som kom nærare og nærare.
Ein stutpank som me kallar det her. Eller ein fjorårskalv av maskulin type for dei som ikkje er kjent med utrykket pank. Elgen som seinare vart døypt til Bjarne vart etter kvart så nærgåande at eg måtte ta meg i akt når eg køyrde. Etter denne dagen vart Bjarne eit dagleg syn på garden. Han kom frå same staden kvar kveld og reiste tilbake same veg når han var mett. Slik var det i dei påfølgande tre åra. Bjarne vitja oss dagleg og gjekk i hagen å beita, sjølv når me var ute i hagen. Han trivst med vårt selskap og visa versa. På den tida hadde eg og ein elghund. Meir ei stuebikkje enn ein god elghund var det, men den gav lyd når den fekk sjå elg attmed bikkjegarden.
Etter kvart vart Bjarne så ”husvarm” at sjølv elghunden ikkje tok notis av at han gjekk å beita på plenen.Bjarne er noko spesielt. Sjølv om karen no he vorte ein vaksen elg som ikkje lenger kjem på vitjing i dagsljos, så gjeng det no gjetord om denne store elgen som vandrar i Hannåsheia. Eit prakteksemplar av ein elg som sjølv ihuga elgjegerar tek av seg hatten for, når dei ei sjeldan gong får eit glimt av den. Dei fyrste åra var det enkelt å få teke bilete av Bjarne. Etter kvart har han berre vore å sjå på kveldstid og difor vanskeleg å få festa på film (siste bilete er teken sommeren 2007). Så dersom du vil møte Bjarne til sommaren. Ta deg ein køyretur over Hannåsfeltet etter mørkets frambrot, du berre veit når det er Bjarne du sett lyset på. Det finnast ingen like!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar